To personar er sakna etter ei båtulykke i Sverige etter ein mogeleg kollisjon mellom ein fritidsbåt og eit handelsskip. Svensk politi har teke beslag i norsk skip.

Far og son er på sjukehus, medan mor og dotter framleis er sakna etter den moglege kollisjonen mellom ein fritidsbåt og eit norsk lasteskip i Sverige tysdag kveld. Far og son er på sjukehus, medan mor og dotter framleis er sakna etter den moglege kollisjonen mellom ein fritidsbåt og eit norsk lasteskip i Sverige tysdag kveld. Naudetatane fekk melding om ulykka, som skjedde mellom Tjörn og Marstrand på svenskekysten, like etter klokka 22 tysdag kveld. Meldingane gjekk ut på at ein fritidsbåt skal ha støytt saman med eit større skip. Det var personar som høyrde rop om hjelp, som varsla om ulykka, seier redningsleiar Johan Beischer i Sjöfartsverket til NRK. – Vi fann to personar, og forstod at det mangla ytterlegare to. Gjennom kvelden og natta gjennomførte vi eit stort søk med rundt åtte overflateeiningar, i tillegg til helikopter og ein losbåt. Svensk politi har avhøyrt mannskapet på det norske skipet. Onsdag ettermiddag vart også éin frå fritidsbåten avhøyrt, men politiet vil ikkje seie om det er faren eller sonen. Onsdag morgon brukte Sjöfartsverket helikopter i søket etter dei sakna, utan å gjere funn.