UP-sjef oppmodar MC-førarar til å kle seg meir synleg for å få ned ulykkestala. – Feil medisin, meiner fleire i motorsykkelmiljøet.

UP-sjef oppmodar MC-førarar til å kle seg meir synleg for å få ned ulykkestala. – Feil medisin, meiner fleire i motorsykkelmiljøet. I GULT: MC-førarar bør kle seg i gult for å syne meir att i trafikken, meiner UP-sjef. Det gjer nettopp køyrelærar Dan Sundal og elev Alexander Areklett under opplæringa. 2026 ser også dystert ut, der det fram til torsdag i førre veke var 16 dødsfall. For Vestland og Rogaland er talet oppe i fem så langt – like mykje som i heile fjor. UP-sjef i Vest Terje Oksnes, seier ein del ulykker skuldast at MC-ane er vanskelege å sjå i trafikken. Terje Oksnes, distriktssjef i UP, er sjølv kledd i synlege kle når han og kona reiser på motorsykkelturar. – Mange har svart sykkel og svarte klede. Då må ein anten kle seg i gul jakke eller gul vest, for det er avgjerande å bli sett, seier UP-sjefen. Ei større undersøking om dødsfall over fleire år, syner at litt under halvparten er utforkøyringar i sving der føraren er åleine.