Nytt mannskap er kalla ut i leiteaksjonen etter ein mann i slutten av 60-åra i Bergen. Han vart meldt sakna av familien torsdag, og vart sist observert onsdag i 13-14-tida. Mannen vart sist observert på Oasen i Fyllingsdalen onsdag. Ifølge familien kan han ha reist til Bergen sentrum. I 11-tida har politiet òg bedt om bistand frå sivilforsvaret, i tillegg til frivillige frå Norsk Folkehjelp, Røde Kors og Norske Redningshunder. Årsaka til leiteaksjonen er helsetilstanden til mannen. Politiet understrekar at mannen ikkje er dement eller psykisk sjuk.