To bustad-containerar vart løysinga som mellombelse og akutte hyblar for personar med utfordringar innan rus og psykiatri. Buforholda møter no kritikk frå fleire hald.

To bustad-containerar vart løysinga som mellombelse og akutte hyblar for personar med utfordringar innan rus og psykiatri. Buforholda møter no kritikk frå fleire hald. ETTER BRANN: Slik ser brakkene ut etter at politi og brannvesenet nyleg rykka ut til ein brann i den eine. Dei er ikkje i bruk no. Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering. I slutten av mars i år dukka det opp to bustadbrakker på ei kommunal tomt i eit bustadområde i Odda sentrum. Ullensvang kommune oppretta dei som eit midlertidig, akutt butiltak for personar innan rus og psykiatri (ROP). Til lokalavisa Hardanger Folkeblad har naboar tidlegare uttrykka sterk uro kring butiltaket. Berre ein av dei to bustadane har vore i bruk. I sist veke braut det ut brann i ei av brakkene. Ein person blei pågripen og seinare overlaten til helsevesenet. Leiar i Foreininga for human ruspolitikk, Arild Knutsen, er skaka over løysninga kommunen har valt for det han kallar ei allereie sårbar gruppe.