Ein mann i 20-åra sende søknad om valdsoffererstatning i 2022, og ventetida blir stadig lengre og lengre.

Ein mann i 20-åra sende søknad om valdsoffererstatning i 2022, og ventetida blir stadig lengre og lengre. «EVIG» VENTETID: Advokat Tove Røddesnes seier ho ser korleis Gjermund kjemper seg vidare, men ikkje kjem seg nokon stad, på grunn av ventetida. – Eg prøver å gløyme det og legge til sida, prøver å leve mest mogeleg. Men eg får det ikkje til. Eg sit og tenker på det kvar bidige dag, seier «Gjermund». Han har søkt om valdsoffererstatning etter at han som barn opplevde han vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep frå foreldra sine. Valden og overgrepa skal ha gått føre seg fram til Gjermund var sju år, også etter omsorgsovertaking, trass i at det var tilsyn til stades. Sjølv om det er over tre år sidan han sende søknaden om valdsoffererstatning, har han enno ikkje fått svar. – Denne saksbehandlingstida tar knekken på sårbare menneske, seier advokat Tove Røddesnes. – Det er frustrerande at det aldri blir ferdig. Eg sit jo her og ventar til all evig tid, og det å berre sitte og vente på noko er det verste eg veit. Det tar så lang tid og det øydelegg dagane, legg Gjermund til.