Kjærleiken blomstrar blant motor og musikk på festival.

På Trøkk n’ Truck-festivalen i Førde møter vi Helle Bratthammer som vaks opp som byjente i Oslo. Som syvåring fekk ho sitte på med ein Cadillac for første gong. Livet vart ikkje heilt det same etterpå. Mange år seinare fann ho sin Cowboy-Rolf. Saman køyrer dei rundt på norske landevegar i amerikansk lastebil. – Samhaldet er heilt utruleg. Vi er inkluderande og tek vare på alle, seier ho om lastebilmiljøet. Festivalen er toppen av kransekaka etter fleire dagar med lastebil-kortesje rundt om kring på Vestlandet. Mange her er lastebilsjåførar av yrke, men brukar likevel ferien på å køyre stor og tung bil. Ein av lastebilane har mellom anna køyrdt rundt på ein M4 Sherman-stridsvogn frå andre verdskrig. Stridsvogna var med på D-dagen i Normandie. No er den til stor glede for Jan Eivind Asen.