Bjarte Vandvik har sett migrasjonen i Nord-Afrika med eigne auge. Han skildrar ein farleg grenseovergang med mykje vakthald.

Bjarte Vandvik har sett migrasjonen i Nord-Afrika med eigne auge. Han skildrar ein farleg grenseovergang med mykje vakthald. JOBBA I CEUTA: Bjarte Vandvik har jobba for FN i Nord-Afrika. Han er overraska over den store folkemengda som har tatt sjøvegen over grensa til Ceuta. Bjarte Vandvik har framleis tett dialog med kontaktane sine i Nord-Afrika, frå tida han var nestleiar ved kontoret i Marokko til FNs høgkommisær for flyktningar for åtte år sidan. Han er overraska over mengda menneske som tok seg over grenseovergangen til eksklaven Ceuta på nordkysten av Afrika. – No har det vore totalt kaos. Folk er redde, seier han til NRK, som møter han i ein park i Oslo. – Det kom nesten like mange migrantar som tal på innbyggarar i Ceuta, legg han til. I Nord-Afrika jobba Vandvik med flyktningar og migrantar som forsøkte å ta seg til Europa – gjennom eksklavane Ceuta og Melilla eller via sjøvegen. – Det er utruleg mykje hemmeleghald. Vi kunne ikkje ta noko særleg bilete av det som skjedde, seier han.