Kai Grønningsæter var litt stor i kjeften før OL-sesongen. Men sine ord har han i god behald.

Kai Grønningsæter var litt stor i kjeften før OL-sesongen. Men sine ord har han i god behald. HAR DU GJORT DET? Thea Stjernesund var spent før møtet med teknikktrenaren på Sognsvann. – Eg har latt han få tid. Den bør vere på plass no, seier Thea Stjernesund til NRK. Stjernesund står stolt og rørt og tittar utover målområdet ved Pista Olimpia i Cortina d’Ampezzo. Rundt halsen har ho sølvmedaljen ho delte med svenske Sara Hector, etter at nærast uslåelege Federica Brignone sikra gullet på heimebane. 29-åringen kunne i tillegg kose seg over ein annan ting: Løfta som blei gitt under den snøsikre samlinga i chilenske Valle Nevado på veg inn i OL-sesongen. – Vi sat i solveggen der etter trening, og så sa eg: Vi må ha nokre litt sånn brutale veddemål, for det er alltid gøy når det gjeld meisterskap, seier Stjernesund. Berre dagar etter OL-bragda måtte Hannes Zöchlinger farge håret sitt blondt. Det var avtalen dersom dei kvinnelege alpinistane henta heim medaljar under meisterskapen. GULT ER KULT: – Han blei vel ikkje akkurat blond, men meir gul. Han kjente at det svidde i hårbotn for å sei det sånn, seier Stjernesund.