Denne sommaren er det sett inn fleire båtar for å patruljere Norsjø og Telemarkskanalen. Målet er å gjere sjøferdsla tryggare og unngå ulykker.

Denne sommaren er det sett inn fleire båtar for å patruljere Norsjø og Telemarkskanalen. Målet er å gjere sjøferdsla tryggare og unngå ulykker. HJELPEKORPS: Raude Kors patruljerer. – Det er for å førebygge og for å vere synlege ute i felt. HJELPEKORPS: Raude Kors patruljerer. – Det er for å førebygge og for å vere synlege ute i felt. – Det har vore mykje båtar her, stappfullt enkelte dagar, og meir trafikk på sjøen enn i fjor, seier Trond Lundmark. Han er operativ leiar i Nome Raude Kors, som denne sommaren har auke beredskapen i kommunen. – Vi ønsker å ta vare på båtfolket og dei som badar frå strendene, seier Lundmark. – Grunnen til at vi har trappa opp i år er fordi det har vore ei veldig auke i drukningsulykker. Redningsselskapet melder om auke i druknings­ulykker. Så langt i år har like mange mista livet som i heile fjor.