Leiteaksjonen i Bergen blir trappa opp søndag. – Vi har framleis håp om å finne han i live. Vi held trykket oppe i dag, seier Knut Dahl-Michelsen til NRK. Den sakna er ein mann i s…

– Vi har framleis håp om å finne han i live. Vi held trykket oppe i dag, seier Knut Dahl-Michelsen til NRK. Den sakna er ein mann i slutten av 60-åra, som har ikkje vore sett sidan onsdag. Leiteaksjonen starta fredag kveld. I dag kjem 50 personar frå Forsvaret for å bidra i søket. Frå før er 27 personar frå Sivilforsvaret med, i tillegg til naudetatar og frivillige. Søket er i hovudsak retta til område ved Fløyen, kor mannen sist vart observert.