Drøymer du om fuglekvitter, fossefall og ein frisk bris i håret? For turistane som oppsøker Noreg er ro og stillheit den nye attraksjonen. YOGA: Dette tilbodet er eitt av fleire tilbod som turistar oppsøker for å finne sjelero. Debbie Holder og Shirley Lofts får tydelege yogainstruksar på overnattingsstaden Meretes Garden på Sunnmøre. Til vanleg bur dei rett nord for London i England, men no har dei reist heile vegen til Valldal på Sunnmøre for å finne sjelero i norsk natur. – Vi jobbar begge fulltid, og liva våre er veldig travle heime. På ferie er det veldig deilig å gløyme jobb, og her føler eg meg roleg og tilfreds, seier Debbie Holder. For dei to venninnene er kontrastane store til kva dei er vand med i heimlandet. – Det er mykje rolegare og avslappa her enn i London. Ein kjenner at tempoet går saktare og at folk har meir tid her, seier Shirley Lofts. Å reise til Noreg for å få ro og stillheit er dei ikkje åleine om. Ifølgje Innovasjon Noregs reisebarometer for våren 2026 er det ein tydeleg tendens i turismen til Noreg frå utlandet: