Ting som dei fleste av oss kastar i søpla, får heidersplass i folks dagbøker. Gjenbruksgründeren hyllar trenden som tar av på TikTok.

Ting som dei fleste av oss kastar i søpla, får heidersplass i folks dagbøker. Gjenbruksgründeren hyllar trenden som tar av på TikTok. Alt frå dei store opplevingane, som bryllaup og reiser, til dei heilt kvardagslege augneblikka, som eit kafébesøk, ein film på kino eller ein konsert. Billettar, kvitteringar, klistremerke og tyggispapir er blant det som får plass. Eller, om vi skal prøve oss på ei norsk omsetting, søppel-dagbok? Skrot-journal? – Å leite gjennom og legge merke til ting du vanlegvis ville kasta, det syns eg er veldig fint, seier Jenny Vadstein om hobbyen sin. Fleire bokhandlar NRK har vore i kontakt med, seier dei merker interessa for trenden. Ifølgje Norli har fleire butikkar hatt behov for å ta inn varer for å møte etterspørselen. – Smårekvisita som klistremerke, pennar og sånne ting som ein kan bruke til junk journaling har vi selt mykje av i det siste, seier Maya Raja hjå Norli Universitetsgata i Oslo.