Tvedestrand kommune manglar 30 millionar kroner, og vil taksere alle hytter på nytt.

Tvedestrand kommune manglar 30 millionar kroner, og vil taksere alle hytter på nytt. Politikarane i Tvedestrand kommune vil taksere alle hytter på nytt, og gi eigarane skatteauke. – Vi synest vi må betale og blø urimeleg mykje eigedomsskatt samanlikna med andre i kommunen. Det seier tidlegare politimeister i Aust-Agder, jurist og hytteeigar Ole Petter Parnemann til NRK. Han er ein av fleire som reagerer på at det politiske fleirtalet i Tvedestrand kommune vil taksere alle hytter på nytt. Parnemann meiner skattetrykket blir skeivt fordelt. Fleire hytteeigarar tek difor grep. – No er vi ei gruppe som etablerer ein organisasjon som kommunen kan forhalde seg til på ein betre måte. Kommunen er tvinga til å stramme inn livreima, og må hente inn over 30 millionar kroner for å få budsjetta til å gå opp.