Temperaturar på over 40 grader øydelegg for europeiske bønder: – Vil auke prisane, seier ekspert.

Temperaturar på over 40 grader øydelegg for europeiske bønder: – Vil auke prisane, seier ekspert. Temperaturar på over 40 grader øydelegg for europeiske bønder: – Vil auke prisane, seier ekspert. Hetebølgjer og skogbrannar har prega Europa i sommar. Med temperaturar opp mot 40 grader kokar store delar av kontinentet. Christian Anton Smedshaug er sjeføkonom i Landkreditt. Han er også tidlegare statssekretær for Senterpartiet. Nå er han bekymra for kva ekstremvarmen gjer med den europeiske matproduksjonen framover: – Det er med på å svekkje det totale produksjonsgrunnlaget og auke kostnadane. Når tørken svekkjer investeringsevna til den einskilde bonden, risikerer vi at voluma fell, at det blir tyngre å drive og at færre fortsett, seier Smedshaug. I fyrste omgang vil ikkje tørken påverke norske kornprisar. Det skuldast at korn er ein global marknad, og at ein difor kan importere frå andre stader med gode avlingar. – Men på lang sikt så vil det nok vere med å auke prisane noko, særleg dersom det blir vanskeleg med eksport, ikkje minst frå Svartehavsområdet. Sviktar eksporten herfrå, vil ein sjå raske stigningar. EKSTREMVARME TVINGAR FRAM TIDLEG HAUSTING: Hetebølgja gjer at jordbrukarar over heile kontinentet må tjuvstarte innhøstinga fleire veker før tida. Her slår ein bonde kornet nær Münchendorf i Austerrike i juni 2026.