Ei lang liste med forhold må utbetrast ved Ålesund fengsel. Det viser ein ny tilsynsrapport frå Tilsynsrådet for kriminalomsorga.

Ei lang liste med forhold må utbetrast ved Ålesund fengsel. Det viser ein ny tilsynsrapport frå Tilsynsrådet for kriminalomsorga. Ålesund fengsel bær preg av at det blei bygd i 1864. Fengselet er eit høgsikkerheitsfengsel for menn med plass til 27 innsette. – Ein møter på utfordringar i Ålesund fengsel som meir moderne fengsel ikkje har på same måte. Det seier nestleiar Tonje Lilaas Larsen i Tilsynsrådet for kriminalomsorga. Ho er ein av dei fire som i oktober i fjor var på tilsyn ved Ålesund fengsel for første gang. I rapporten peiker ho og tilsynsrådet på fleire forhold som bør utbetrast i fengselet. Høgsikkerheitsfengselet for menn i sentrum av Ålesund blei bygd i 1864. Allereie i 2012 vart det slått fast at bygget ikkje eigna seg som fengsel. Det går mellom anna på moglegheita for fellesskap, luftegarden, oppfølging av innsette med auka risiko for sjølvdrap og bruk av innsette som tolk. I rapporten peiker tilsynsrådet på at Ålesund fengsel er eit gamalt og lite fengsel med ein utfordrande bygningsmasse. Dette gir klare rammar for korleis ein kan drive fengselet, og gir innsette avgrensa moglegheiter for fysisk aktivitet.