Etter at ein hannbjørn vart observert i Vikdalen i Vefsn kommune, sundag morgon, har seniorrådgivar i Statens naturoppsyn, Martin Drevvatn vore og undersøkt eit kadaver av ein sau. Han bekreftar at bjørnen har vore på staden og ete på den daude sauen, men kan ikkje konstatere kva dødsårsaka til sauen er. Det vart fyrst meldt om at det skal ha vore to daude sauer, men det viste seg at de berre var eit sauekadaver. – Kadaveret var såpass mykje oppeten at det var vanskeleg for oss å fastslå dødsårsaka til det, opplyser Drevvatn.