Våren var kald og sommaren kokte, men bringebæra i Reddal vart gode trass i sein start.

Våren var kald og sommaren kokte, men bringebæra i Reddal vart gode trass i sein start. Bringebæra til Gurine Seland kom seint i gang, men no blir dei hausta for fullt. Bringebærbonden frå Reddal i Grimstad fortel om gode bringebær i år, trass i ein litt sein start. Ho skulle gjerne ha starta sesongen i slutten av juli eller tidleg juli, for å sikre seg best mogleg pris på bæra. – Vi merkar eigentleg veldig lite til varmen. Kollegaar som driv med jordbær blir nok litt meir stressa av varmen, men bringebæra tek den tida dei skal ha. Verken bær eller smak har tatt skade. Seland forklarer at det er ein krevjande produksjon å halde på med i Noreg i dag. – Det er akkurat som å ha ein intensivpasient på drypp, for her skal det vere så nøye med kva som kjem inn og kva som kjem ut. I staden for å plante i jorda, kjøper garden inn nye plantar kvart einaste år og dyrker bringebæra i om lag 4000 potter.