21-åringen har jobben fleire grøssar av.

«Mange synest eg har ein kul jobb. Og så er det nokre som synest det er heilt grufullt.» 21-åringen Thea Dragsund gjer seg klar til ein ny arbeidsdag i obduksjonssalen ved Stavanger universitetssjukehus. «Noregs yngste obduksjonsteknikar? Eg torer å påstå det. Eg synest eigentleg det er litt kult.» Allereie som 15-åring begynte Thea å hjelpe til ved gravferdsbyrået faren jobbar i. «Døden skal jo skje med alle, så det er greitt å ha eit ope syn på det. Sjølv om det er trist.» Som sommarvikar i gravferdsbyrået var ho innom sjukehuset og fekk auga opp for obduksjonssalen. «Det er ikkje så enkelt å rekruttere folk til denne jobben, for du skal ha ein spesiell samansetjing av ferdigheiter.» «Når det gjeld obduksjon, krevst det praktiske og tekniske ferdigheiter. Også må du tole det du eksponerar deg for. »