Skitkasting, millionar av dollar i reklame og celeber støtte. Difor har «alle» auga sine retta mot primærvalet i Michigan.

Skitkasting, millionar av dollar i reklame og celeber støtte. Difor har «alle» auga sine retta mot primærvalet i Michigan. SLAGET: Kven skal bli demokratane sin senator-kandidat i Michigan til mellomvalet i november? Slaget står mellom Haley Stevens og Abdul El-Sayed. Partia sine veljarar stemmer på kven som skal vere partia sine kandidatar til mellomvalet i november, blant anna. For kva slags demokratar eller republikanarar skal folk i kvar enkelt stat ha å velje mellom, til ein av dei 435 plassane i Representantane sitt hus og dei 35 plassane i Senatet? Nettopp kva slags kandidatar som går sigrande ut av desse primærvala, kan bli heilt utslagsgivande for om partiet vinn seter i den enkelte staten. Demokratane er på offensiven og prøver å vinne tilbake fleirtalet i Kongressen, både i Representantane sitt hus og i Sentatet. Dei siste målingane viser at Demokratane har gode sjansar til å vinne tilbake fleirtalet i Representantane sitt hus. Men i Senatet er det meir dødt løp. Der skal demokraten Gary Peters gi seg som senator, og difor vil det bli open kamp om denne plassen mellom partia.