Politiet fekk klokka 12.23 i dag melding frå ein ambulanse om to uregistrerte MC-ar som køyrde frå ambulansen medan den var på utrykking. Det blei meldt om høg fart, forbikøyringar på bakhjulet, forbikøyringar i svingar og fleire nestenulukker. Hendingane skal ha skjedd langs E39 frå Ørsta i retning Vartdal. Fleire politipatruljar blei sende mot Vartdal, og politiet fekk sjølve auge på MC-ane, som skal ha halde høg fart. Politiet fann etter kvart føraren av den eine MC-en, ein mann i slutten av tenåra. Den andre føraren er identifisert, men politiet har førebels ikkje fått kontakt med han. Også denne personen er ein mann i slutten av tenåra. Politiet ber personar som har observert hendinga, eller som har opplysningar i saka, om å ta kontakt på 02800. Siste nytt frå Møre og Romsdal. Tips oss eller send bilete og video på https://bidra.nrk.no/nrkmr