Kommunen har ikkje fått tak i nok lærarar til skulen i Vestre Jakobselv. Det fører til at elevane ved ungdomssteget blir nøydde til å pendle til Vadsø.

Kommunen har ikkje fått tak i nok lærarar til skulen i Vestre Jakobselv. Det fører til at elevane ved ungdomssteget blir nøydde til å pendle til Vadsø. – Vi har lyst ut stillingar og prøvd å få det til. For å vere heilt sikre på at vi gir det tilbodet vi skal, er vi nøydde til å gjere denne øvinga, seier ordførar Wenche Pedersen (Ap). Det er ein mangel på 3,5 årsverk som gjer at skulen ikkje har kapasitet til å halde undervisninga. Ordføraren lovar likevel at nokre av elevane får komme tilbake om kommunen får tak i lærarar. – Da kjem vi til å snu med tanke på dei yngste. Tiande klasse må nok rekne med å gå heile året i Vadsø. – Vi burde fått beskjed i forkant om at dette var vedtatt, seier FAU-medlem Marion Harila Kjelling. – Foreldre til desse barna på ungdomssteget ønsker å behalde den skulestrukturen som er i dag, fortel Marion Harila Kjelling. Sjølv om det berre er nokre få år sidan skulen blei bygd ut til oppvekstsenter, fryktar foreldreutvalet at denne situasjonen er starten på ei nedlegging.