Nokre idrettsprestasjonar er meir imponerande enn andre. Dette er ein av dei.

Daniel Nisja Sørli kunne knapt tru poengsummen han hadde sikra seg – med brot i ryggen. – Eg trur ikkje det blei det store. Det blei for mykje puls, sa Daniel Nisja Sørli til NRKs reporter etter skytekonkurransen tysdag. Sørli har akkurat skote 249 av 250 moglege poeng på Landsskyttarstemnet på Lesja, og tatt førsteplassen før finalen onsdag. – Herregud. No får vi snakkast seinare. Eg har ikkje noko meir å seie. Eg er nøydd til å komme meg til bilen før adrenalinet går ut. Sørli bomma berre på den inste blinken med eitt av tjuefem skot, og var berre nokre få millimeter frå å få full pott. Men det kunne han ikkje brydd seg mindre om. Sørli var den einaste som fekk 249 poeng under kvalifiseringa til Kongelaget. Der skal han skyte på skive éin. Adrenalin er nok kjærkomme for mannen som skyt for Sunndal Skytterlag. Han har nemleg store smerter i ryggen. – Eg har eit brot i ryggen, det er ei skive som har sklidd og som klemmer på nervar heile tida. Eg har veldig vondt.