Kom eigentleg avgiftskuttet fossilbilistane til gode? Og er det noko poeng å vidareføre det? Slik svarar ekspertane.

Kom eigentleg avgiftskuttet fossilbilistane til gode? Og er det noko poeng å vidareføre det? Slik svarar ekspertane. Ei realt «drivstoffbrøl» i vinter førte til ei hastebehandling i Stortinget i mars. Framstegspartiet, Senterpartiet, Høgre og KrF sikra fleirtal for å kutte avgiftene på bensin og diesel med nokre kroner. No er debattpumpa i gang igjen. Fleire tek til ordet for ei vidareføring av avgiftskuttet, som eigentleg berre varar til 1. september. Framfor plakaten av ei naken dame løfta ho moglegheita for å hasteinnkalla Stortinget til eit ekstraordinært drivstoffmøte. Det var først og fremst USA sin krig mot Iran som i vinter sende pumpeprisane oppover mot 30-talet. Samstundes var det uro for at bensinstasjonane ville putte avgiftskuttet i eiga lomme. Kvelden før kuttet 1. april gjekk prisane opp. Det førte til sterke reaksjonar, mellom anna frå SV som bad om gransking.