Den kalde og våte sommaren held biene borte frå kløverenga. Birøktarane må naudfore dei med kjøpesukker.

Den kalde og våte sommaren held biene borte frå kløverenga. Birøktarane må naudfore dei med kjøpesukker. Også biene held seg innandørs. Helst skulle kløverenga vere fulle av dei nektarsugande insekta, men ingen flyg ut av kuben i regnet. Steffen Pfändt kjem frå Tyskland og starta som birøktar då han og kona kjøpte hus på bygda i Averøy. Paret har om lag 900.000 bier i 18 bikubar, men i år blir det mindre av fleire honningsortar. I mai og juni var det glade dagar med fint vêr og rikeleg med fruktblomstring og løvetann. Men då bringebærtrea blomstra kom regnet, og det blei dermed ingenting av bringebærhonningen. Birøktarane ventar også at det blir mindre lynghonning fordi røsslyngen blei skadd i vinter. – Det er mange ting som må klaffe. Dersom det er for kaldt har ikkje plantene nektar. Og dersom det regnar kjem ikkje biene seg ut, forklarer Pfändt.