Retten meiner mann (22) manipulerte unge kvinner via sosiale medium før han utnytta dei til valdtekter med «sadistisk preg».

Retten meiner mann (22) manipulerte unge kvinner via sosiale medium før han utnytta dei til valdtekter med «sadistisk preg». 22-åringen oppretta fiktive brukarar på sosiale medium for å lokke og manipulere kvinnene. Så vart dei utsette for grove trugslar, også drapstrugslar, slik at mannen kunne utnytte dei seksuelt. – Han likte at eg hadde det vondt, sa ei av kvinnene i retten ifølge Avisa Nordland. I retten erkjente bodømannen at han hadde valdteke kvinnene. Under valdtektene brukte han ord som hore og slave om kvinnene. – Eg utsette henne for eit helvete og eg vart for avhengig, siterer Avisa Nordland frå ein av mannen sine forklaringar. Også ei tredje kvinne vart lurt til seksuell omgang med 22-åringen. Men her er mannen dømd for omsynslaus åtferd. I dommen kjem det fram at mannen har vore sterkt oppteken av porno sidan han fekk sin første mobiltelefon i 13-årsalderen.