Altaværingen Tommy Wirkola er klar med oppfølgaren til den globale kinosuksessen «Violent Night».

Altaværingen Tommy Wirkola er klar med oppfølgaren til den globale kinosuksessen «Violent Night». På tysdag slapp Hollywood-giganten Universal den aller første traileren til «Violent Night 2», som har verdspremiere 4. desember. – Det har blitt ein film eg er veldig fornøgd med og har gledd meg til å vise fram, seier regissør Tommy Wirkola. Han drog til Canada for litt over eit år sidan for å jobbe med den litt utradisjonelle julefilmen. Sjølv om filmen har mykje action og mørk humor, fortel Wirkola at han framleis skal gi publikum juleglede. – Det morosame for min del var å blande den valdelege actiondelen som eg kan frå før, med ein nesten «cheesy» julefilm som har eit stort hjarte og ein klar beskjed om kva som er viktig her i verda. Filmmagasinet Empire er blant dei internasjonale filmmedia som har omtalt at traileren til til den kommande Wirkola-filmen. Dei skriv at han ser heilt spinnvill ut. I oppfølgaren møter vi igjen David Harbour i rolla som det som ikkje er ein veldig tradisjonell julenisse. Wirkola kan avsløre at nissen drar ting litt for langt i denne filmen. – Han trur han skal dra rundt i verda og straffe dei slemme, og har ikkje gjort anna. Det har han tatt så langt at han mistar julenisse-evnene sine og magien. Han blir til og med sett på «the naughty list» sjølv, fortel Alta-regissøren.