Fem vaksne, to born og tre hundar er berga frå Våtedalselva. Store nedbørsmengder i løpet av natta gjorde at elva fløymde over vegen.

Fem vaksne, to born og tre hundar er berga frå Våtedalselva. Store nedbørsmengder i løpet av natta gjorde at elva fløymde over vegen. Villcamparar vart overraska av den rask veksande Våtedalselva mellom Gloppen og Sunnfjord. Torsdag måtte dei bergast ut med båt. – Det er eit populært område for villcamparar. No kjem dei seg rett og slett ikkje over att, seier innsatsleiar for Gloppen brannvesen, Joar Flølo. Tidleg torsdag ettermiddag vart mannskap kalla ut då villcamparar ikkje kom seg vekk frå det som i løpet av natta vart til ein liten holme i Våtedalselva mellom Gloppen og Sunnfjord kommunar. Det var fem vaksne, to born og tre hundar i reisefølget som over natta blei stranda på ei øy. Ein av dei som fekk merke naturkreftene var Elien Illegems frå Belgia. Ho var på veg tilbake etter å ha køyrt heile vegen frå heimlandet til Nordkapp då vatnet plutseleg stengde vegen. – Vatnet var høgare i dag tidleg enn i går, men eg tenkte at det kom til å gå fint og at vi berre kunne vente til det gjekk ned att. Men det vart berre høgare og høgare, fortel Illegems. – Eg vart plutseleg stengd inne saman med to tyske familiar, og då var det ikkje særleg morosamt lenger. Eg følte meg veldig dum, for eg visste jo at det kom til å regne.