Mannen som er sikta for å ha drepen ein bebuar på Lyngstunet helse- og omsorgssenter i Lyngen med kniv i november i fjor, er varetektsfengsla i fire nye veker. Det har Nord-Troms o…

Mannen som er sikta for å ha drepen ein bebuar på Lyngstunet helse- og omsorgssenter i Lyngen med kniv i november i fjor, er varetektsfengsla i fire nye veker. Det har Nord-Troms og Senja tingrett avgjort. Rettspsykiatrar har konkludert med at mannen mest sannsynleg var i ein psykotisk tilstand da drapshandlinga skjedde. Retten skriv i si avgjerd at det ikkje har kome opplysingar som tilseier at fara for gjentaking har blitt noko lågare i tida den sikta har vore varetektsfengsla. I avgjerda kjem det fram at det snart nærmar seg tiltale i saka. Ei tilleggserklæring for mannen si psykiske helse og tilstand under drapet skal også vere klar om kort tid. Lokalsamfunnet er i sorg etter at en person er bekreftet død etter å ha blitt utsatt for vold på Lyngstunet helse- og omsorgssenter i Lyngen. Politiet bekrefter til Nordlys at en mann er siktet i saken.