Nordic Mining trenger over 100 millionar kroner. Nyheita gjer at aksjen stupar på børsen.

Nordic Mining trenger over 100 millionar kroner. Nyheita gjer at aksjen stupar på børsen. Gruveselskapet Nordic Mining er inne i det selskapet sjølv omtalar som ein kritisk fase. Etter fleire år med milliardinvesteringar i Engebø-prosjektet i Sunnfjord er økonomien no under press. I ei børsmelding fredag opplyste selskapet at det er behov for ny kapital for å sikre vidare drift fram mot slutten av november. Meldinga kjem i kjølvatnet av at staten tapte i Høgsterett mot Naturvernforbundet og Natur og Ungdom. Det vart konkludert at løyvet som opna for gruveverksemd i Førdefjorden, ikkje var gyldig. Leiinga arbeider no med fleire alternativ for å skaffe mellom 100 og 150 millionar kroner for å drive ut november. Eitt av alternativa er ein emisjon, der selskapet hentar inn ny eigenkapital ved å selje fleire aksjar. Gruvedrifta er eit av dei største nye industriprosjekta på Vestlandet dei siste åra. Her vil Nordic Mining utvinne rutil og granat, mineral som blir brukte i ei rekkje industrielle produkt.