Titusenvis av publikum kvar veke og 300 millionar avspelingar. Etter elleve år på vegen har Rotlaus blitt eit av landets største band.

VESTNORSK HYLLEST: Bjørn Marius Øyehaug i Rotlaus i landslagsdrakt under eit av bandet sine mange sommarkonsertar i år. Titusenvis av publikum kvar veke og 300 millionar avspelingar. Etter elleve år på vegen har Rotlaus blitt eit av landets største band. Vi møter Rotlaus på det som er backstagen til festivalen Trollrock på Beitostølen. På veg inn observerte vi mange spente publikum med T-skjorter med Rotlaus-motiv. Nokon godt vaksne, men også mange unge med tydeleg dialekt. No opplever Rotlaus at stadig fleire får auge på breidda i musikken deira. Likevel blir bandet framleis ofte omtalt som eit «festband». – I starten var det nok mange som plasserte oss i ei bestemt bås. No opplever vi heldigvis at fleire lyttar til musikken vår utan dei merkelappane. Det seier Rotlaus-vokalist Bjørn Marius Øyehaug og strekker seg etter noko å drikke. Denne dagen har bandet bak seg ein lang busstur frå Ørsta på Sunnmøre til Valdres. Straks etter konserten går turen vidare til Trøndelag og nye spelejobbar.