Det kjem ein geolog for å undersøke steinspranget som gikk på Herøy natt til fredag. Det opplyser Sindre Molnes i politiet. Steinspranget skal ha falle mellom to bustadar, og verken personar eller hus skal ha blitt skadd. – Dei hadde oppdaga at to steinar hadde landa ganske nært hus, meldinga fekk vi cirka klokka halv eitt, seier Molnes. Kommunen har tilbode fire personar overnatting på hotell medan dei ventar på geologen, som skal komme i løpet av fredag. Molnes seier det er vanskeleg å estimere kor store steinane er, men den eine skal ha vore større enn den andre. Siste nytt frå Møre og Romsdal. Tips oss eller send bilete og video på https://bidra.nrk.no/nrkmr