Færre besøkande har ført til lågare inntekter for kafé- og suvenirbutikken på toppen av fjellet. Midt oppi nedstengingar og pandemi har han nemleg stått i si eiga, personlege krise. – Eg har Parkinson, og det byrjar eg å merke godt på helsa. Eg blir fort sliten. – No er den rette tida å varsle verda om at nokon må ta over og byggje vidare på dette her. Dette er den første sommaren utan humpar i vegen. Det viser att på besøkstala, som har tredobla seg frå i fjor. Berre i juni var det over 70.000 personar som tok seg opp til det populære utkikspunktet. Meyer synest fleire besøkande er kjekt, og fortel at han har ein god stab med tilsette rundt seg. Likevel kjenner han det på kroppen. 31. juli er det heile 90 år sidan den populære turistattraksjonen blei opna. Til stades var blant anna bestefaren Thorvald Meyer.