19-åringen frå Stavanger vart onsdag dømd for drapsplanlegging i England og risikerer 45 år i fengsel. Jusprofessor, Mads Andenæs meiner 19-åringen ikkje vil overleve fengsel i Eng…

19-åringen frå Stavanger vart onsdag dømd for drapsplanlegging i England og risikerer 45 år i fengsel. Jusprofessor, Mads Andenæs meiner 19-åringen ikkje vil overleve fengsel i England. Både Andenæs, advokaten til 19-åringen og familien hans krev at 19-åringen vert henta heim til Noreg. Men sidan dommen til 19-åringen ikkje er rettskraftig enno, seier Justis- og beredskapsdepartementet at Norske styresmakter ikkje har høve til å gripe inn i ei rettssak som er under behandling i eit anna land. – Justis- og beredskapsdepartementet har forståing for at situasjonen er krevjande for 19-åringen og familien hans. Dersom han blir endeleg dømd, kan han søkje om overføring til soning i Noreg etter Europarådet sin konvensjon om overføring av dømde. Ein føresetnad for ei slik soningsoverføring er at dommen er rettskraftig, seier Magnus Buer, senior kommunikasjonsrådgivar i Justis- og beredskapsdepartementet. Jusprofessor Mads Andenæs meiner det hastar med å få den norske 19-åringen til Noreg, som no er dømd for drapsplanlegging i England.