Nyvalt Unge Høgre-leiar Nicolai Østeby ynskjer lågare skattar for dei som jobbar og kutt i ytingar for dei som ikkje jobbar.

Nyvalt Unge Høgre-leiar Nicolai Østeby ynskjer lågare skattar for dei som jobbar og kutt i ytingar for dei som ikkje jobbar. Nicolai Østeby deltek på sin første Unge Høgre-leir som ny leiar. Her saman med nestleiar Maria Munkhaug. – Vi må sjå på stønadene som gjer at det ikkje lønner seg å stå i jobb, men vi må også sørge for å få kraftig skattelette for folk som står i jobb, seier Nicolai Østeby til NRK. – Slik at det kan lønne seg å jobbe og slik at vi kan få endå fleire inn i arbeidslivet, meiner han. Østeby er nyvalt leiar i Unge Høgre og opna torsdag sommarleiren som ungdomspartiet arrangerer på Hove i Arendal. Nicolai Østeby kritiserer regjeringa. Samstundes mottek han sjølv kritikk for løysingane han presenterer. – Det å sitte og flikke på tiltak fram og tilbake frå år til år, det har vist seg å ikkje fungere veldig godt, seier Østeby til NRK. Han meiner at ein på dette området må lære av Sverige. Landet har vore gjennom ei rekke endringar innan skatt, arbeidsliv og sosiale ytingar.