Ein straum av rundt 60.000 personar har kryssa grensa til spansk område. Korleis kunne noko slikt skje?

Ein straum av rundt 60.000 personar har kryssa grensa til spansk område. Korleis kunne noko slikt skje? STRAUM AV MIGRANTAR: Har gitt utfordringar for Spania som ikkje klarer å ta i mot dei rundt 60.000 personane som har komme over grensa. Migrant-situasjonen i det spansk kontrollerte området Ceuta har fått mykje merksemd. Sjølv om fleirtalet av dei nær 60.000 menneska som svømte over til Ceuta har returnert, er det fleire spørsmål som er uavklart. Dei siste dagane har om lag 60.000 migrantar komme seg ulovleg over grensa til den spanske eksklaven Ceuta, som grenser til Marokko på nordkysten av Afrika. Mange svømte i land til det territoriets president Juan Jesús Vivas omtalar som ein «humanitær- og tryggingskrise». Fleirtalet av migrantane skal vere marokkanske statsborgarar. Ceuta slit med å ta i mot alle menneska, og fleire har måtta sove under open himmel. Vanlegvis er det menneske frå vestafrikanske land som kjem opp langs kysten, gjennom Marokko og til eksklavane for å komme seg inn i Europa, ifølge Jan-Paul Brekke, forskingsleiar ved Institutt for samfunnsforsking.