I tillegg brukte Valdres fengsel null kroner på tolk i heile 2025. I staden vart innsette brukt til oppgåva.

I tillegg brukte Valdres fengsel null kroner på tolk i heile 2025. I staden vart innsette brukt til oppgåva. KRITIKK: Valdres fengsel ligg på Slidreøya midt i Valdres, og er ei fengselsøy heilt utan murar. Nå får fengselet kritikk på fleire område. I ein fersk tilsynsrapport får Valdres fengsel kritikk på fleire område. Dette er særleg knytt til rettstryggleiken og velferda til dei innsette, og dessutan manglande fokus på personvern. Rapporten kjem etter at Tilsynsrådet for kriminalomsorga var på tilsyn i februar i år. Sjølv vil ikkje leiinga stille til intervju om saka før dei har svart Tilsynsrådet innan utgangen av august, men har svart på enkelte av NRKs spørsmål på e-post. – Tilsvaret vårt vil bli offentleggjort av Tilsynsrådet på nettsidene deira, skriv fungerande einingsleiar i Kriminalomsorgen, Kim Raymond Nilssen, til NRK. Fengselet er eit lågtryggleiksfengsel som husar inntil 25 innsette. Fengselet ligg på den privateigde øya Slidreøya, like utanfor kommunesenteret i Vestre Slidre i Innlandet. I rapporten kjem det fram at fengselet skal ha publisert bilde av dei innsette på Facebook utan samtykke.