Leiteaksjonen i Bergen går i gang med full styrke søndag morgon. I natt har det vore søkt med avgrensa ressursar. – Vi går i gang att no som det er dagslys, seier operasjonsleiar K…

– Vi går i gang att no som det er dagslys, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen til NRK. Den sakna er ein mann i slutten av 60-åra, som har ikkje vore sett sidan onsdag. Leiteaksjonen starta fredag kveld. I dag kjem 30 personar frå Forsvaret for å bidra i søket. Frå før er ei gruppe frå Sivilforsvaret med, i tillegg til naudetatar og frivillige. – Vi har framleis håp om å finne han i live. Vi held fram med å halde trykket oppe i dag, seier Dahl-Michelsen.