– Eg trur mange synest det verkar gammaldags, seier Tori Elida Rongved (13) frå Osterøy. – Før eg går på scena kjem nervane. Spesielt før det raskaste partiet til låta. Etterpå kjenner eg ren meistringskjensle. Høgdepunktet denne veka er ein konsert der ho skal framføre ein eigenkomponert låt. Kvifor trekkjer ungdommen mot trekkspel og pols i eit elles så digitalt samfunn? – Her er du ein aktiv deltakar på golvet. Det er eit trygt og raust miljø. Det er noko heimkjært over det.