Ferja tok fyr utanfor øya Madura i Indonesia.

FERJEBRANN: Det går føre seg eit redningsarbeid etter at ei ferje i Indonesia tok fyr. Til no er minst fem døde og 41 personar sakna etter at ferja tok fyr, skriv Reuters. Totalt var det 271 menneske om bord på båten, som var på veg frå Surabaya i Aust-Java provinsen til Makassar i Sør-Sulawesi. Til no har 225 personar blitt redda frå båten. Redningsarbeidet held framleis på. – Utanriksdepartementet har så langt ikkje informasjon som tilseier at norske borgarar skal vere involverte i ulukka, skriv pressevakt Cecilie Roang i Utanriksdepartementet i ein e-post til NRK. – Vi er i kontakt med vår ambassade i Jakarta som arbeider med å kartlegge situasjonen, og undersøker om norske borgarar er råka, legg ho til.