Ein død mann er funnen etter ein stor leiteaksjon i Bergen.

Ein stor leiteaksjon pågår i Bergen etter ein mann i 60-åra. Han vart sist observert onsdag. – Vi har framleis håp om å finne han i live. Vi held trykket oppe, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i politiet til NRK. Godt over 100 personar med i leiteaksjonen søndag. 50 av dei er soldatar frå Forsvaret. Den sakna er ein mann i slutten av 60-åra, som har ikkje vore sett sidan onsdag i 13-tida. Leiteaksjonen starta fredag kveld. Søket er i hovudsak retta til område ved Fløyen, kor mannen sist vart observert. Øyvind Arntzen i Norsk Folkehjelp er med i dronesøket. Dei siste dagane har dei hatt dronen i lufta i over 20 timar. – Vi er ute for finne personen. Sjølv om det er dag tre, så er vi kjempemotiverte, seier Arntzen. Familien har frigitt dette biletet av den sakna mannen. Politiet ber om tips på telefon 476 96 060.