Sebastian Pedersen byter ut Sogndal med sørafrikanske Orlando Pirates. No blir den norske spissen samanlikna med Erling Braut Haaland.

Sebastian Pedersen byter ut Sogndal med sørafrikanske Orlando Pirates. No blir den norske spissen samanlikna med Erling Braut Haaland av ekstatiske supporterar i Johannesburg. – Det først som skjedde då eg introduserte meg og sa eg var frå Noreg var at alle gutane begynte å ro. Det var mottakinga Sebastian Pedersen fekk frå sine nye lagkameratar frå Sør-Afrika. 5000 innbyggjarar i saftbygda Sogndal blir no bytta ut med 5.5 millionar i Johannesburg. Kontrasten kunne knapt vore større. – Det tar sikkert litt tid å komme inn i rutinane der og finne roa heilt, men samtidig så trur eg det blir veldig gøy. Det er det her ein har lyst til å oppleve i løpet av ein fotballkarriere. Å oppleve ein slik storby, ein ny kultur og eitt nytt miljø. Pedersens nye klubb er Orlando Pirates, ein av gigantane i Afrika. Formatet er litt større enn norsk 1. divisjon og Sogndal IL, der han har spelt dei siste to åra. Heimestadion har ein kapasitet på nesten 40.000, der fansen ofte tar av under dei største kampane. – Det er det som har vore draumen, å spele på så store stadionar og framfor så mykje folk. Akkurat på supportersida er det i alle fall Premier League-standard, vil eg tru, fortset spissen.