Klar for å knyte på deg treningsskoa igjen etter ferien? Ekspertar kjem med råd og åtvaringar til mosjonistar som vil komme i gang med treninga.

Klar for å knyte på deg treningsskoa igjen etter ferien? Ekspertar kjem med råd og åtvaringar til mosjonistar som vil komme i gang med treninga. LØPETRENING: Løpetrenar Veronica Undseth har lang erfaring frå løpemiljøet, og har fleire gode råd til deg som vil i gang igjen etter sommaren. – Det er litt som i januar. Mange får ein ny giv og motivasjon, og tenker «no er kvardagen tilbake, så da køyrer vi på». Men så får ein det kanskje ikkje til å vare, eller så blir ein skadd, seier løpetrenar Veronica Undseth. Kanskje har treningsskoa lege på hylla i nokre veker eller månader fordi sommaren baud på andre freistingar. No er kvardagen rett rundt hjørnet for dei fleste, og mange stiller seg det same spørsmålet: Her er dei beste råda frå ekspertane til korleis du startar opp igjen etter sommarferien. Undseth har vore løpetrenar sidan 2016 og jobbar om dagen ved Wang Toppidrett. Ho har også drive aktivt med løping tidlegare. Til både elevane og kundane sine har ho eitt råd som ho repeterer jamleg etter eit treningsavbrekk: