Fleire tusen studentar landet over står på venteliste for å få studentbustad. I Møre og Romsdal er ikkje studentsamskipnadane bekymra.

Fleire tusen studentar landet over står på venteliste for å få studentbustad. I Møre og Romsdal er ikkje studentsamskipnadane bekymra. I år har rekordmange fått tilbod om studentbustad i landet. Likevel står over 17.000 studentar i kø for studentbustad ti dagar før studiestart. Det er fleire enn i 2025. – I Ålesund er det fullt, seier Tina Landfastøien ved Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim. Landfastøien forklarer at dei 187 studentane står på interessentlister. Det vil seie at dei har vist interesse for bustadene til samskipnaden. – Det at dei står i kø hos oss betyr ikkje nødvendigvis at dei ikkje har funne ein stad å bu. Vi har ikkje inntrykk av at det er krisestemning og at dei ikkje finn seg bustad, seier Landfastøien. Dermed ser det ikkje ut til å vere noko bustadkrise for studentar i Ålesund, som i andre byar. Janne Vatne, bustadleiar ved Studentsamskipnaden i Volda forklarer at dei som står på venteliste har fått eit tilbod, men vil ha eit anna. Ifølge Vatne har Studentsamskipnaden i Volda plass til alle studentane som vil ha det.