Moskusoksen som måndag kom ned mot busetnaden ved Grøa i Sunndal, er no avliva.

Ein moskusokse som vanlegvis held til i Dovrefjell Sunndalsfjella nasjonalpark, enda måndag kveld opp i eit bustadområde i Sunndal. Tarald Thorshov, skogbruksrådgivar i Sunndal kommune, fortel at kommunen har følgt med på ein moskusokse sidan fredag. Dei trur det er den same oksen som trekte ned til eit nabolag. Vanlegvis er det Statens naturoppsyn (SNO) som gjennomfører slike fellingar, medan Statsforvaltaren gir løyve til å felle dyret. Sjølv om moskusar ikkje aktivt oppsøker menneske, kan dei vere farlege dersom dei føler seg truga, forklarar Thorshov. – Dei er ikkje sky menneske, men om dei ikkje likar at du kjem for nær, kan det vere ille. Dei er rimeleg raske. Thorshov forklarer at oksar som blir støytte ut frå flokken, ofte byrjar å vandre på eiga hand. Då hender det at dei trekkjer ned mot busetnad medan dei leitar etter ein ny flokk eller ei ku å slå seg saman med. – Moskusane har ein tendens til å bli verande når dei først kjem nær folk. Samtidig hender det òg at dei forsvinn att, seier han. Kommunen fekk første melding om oksen fredag morgon. Då oppheldt han seg på Røymoen, før han gradvis har bevega seg lenger nedover.