Aurlandskoen har overlevd krig og koronakrise, men no kan det vere slutt for den siste skofabrikken i Noreg.

Aurlandskoen har overlevd krig og koronakrise, men no kan det vere slutt for den siste skofabrikken i Noreg. Aurlandskoen blir kalla for dei originale «Penny Loafers», og har vore populære gjennom fleire generasjonar. Lêrskoa står på rad og rekke inne på skofabrikken i Aurland i Sogn. Her er Aurlandsko i alt frå klassisk svart til knallturkis, alle med ein ting til felles: tiøringen i ei lomme på skoen. Dei tradisjonsrike skoa har hatt spalteplass i motemagasinet Vouge, samarbeida med klesmerket Holzweiler og gått på catwalken på Oslo Fashion Week, men blør pengar. No står eigarane midt i eit vegskilje. Skal dei legge ned den einaste skofabrikken i Noreg? Det første paret med Aurlandsko blei laga på 1930-talet av Aurland Skofabrikk. På eit tidspunkt var det heile 19 skofabrikkar i den vesle bygda, men berre Aurland Skofabrikk overlevde. Den vesle fabrikken har klart seg gjennom krig, finanskrise, pandemi og tallause motetrendar. For snart 20 år sidan tok reiselivskonsernet Norway's Best over drifta. Sidan då har dei starta med produksjon av vesker og utvikla ulike modellar av Aurlandskoen, men likevel lyser tala raudt.