Politiet meldte om ein redningsaksjon etter at ein person ikkje møtte på avtalt møtestad. Personen er gjort greie for.

Politiet meldte om ein redningsaksjon etter at ein person ikkje møtte på avtalt møtestad. Personen er gjort greie for. Måndag kveld fekk politiet melding om ein person i eit turfølge på tre som ikkje har møtt på avtalt møtestad i Børgefjell i Grane kommune i Nordland. – Då er sakna gjort greie for. Viste seg at den sakna hadde søkt ly for vêret, så turen tok lengre tid enn planlagt. Alt ok. Det var ved hjelp av Sar-Queen me fekk kontakt med sakna. Aksjonen avsluttast, melder operasjonsleiar, Yngvar Fredriksen i Nordland politidistrikt. Frivillige frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder vart kalla ut for å delta i søket tidlegare på kvelden. Tidlegare på kvelden fortalde politiet om kvifor dei valde å sette i gang søket etter personen. – Det er tre stykkar som skulle ha møtast på ein tur i Børgefjell. Dei fyrste har gjekk på tur innover onsdag, og så skulle den siste gå i går kveld. Overnatte på turen og så få kontakt i løpet av formiddagen og ettermiddagen med dei som har gått i førevegen. Men den siste personen har ikkje kommen til oppmøtestaden, sa operasjonsleiar, Ina Selfors i Nordland politidistrikt. Hovedredningssentralen sitt redningshelikopter er på veg ut til Børgefjell frå stasjonen i Bodø. Vidare opplyste Selfors om at dette er ein tur som i utgangspunktet tar seks timar å gå.