Innerdalshytta i Sunndal toppar lista over dei mest søkte hyttene på turplanleggaren UT.no i sommar. Det melder Den Norske Turistforening (DNT). I sommar er det berre betente hytter på topplista. Generalsekretæren i DNT, Inger Lise Blyverket, trur det skuldast at hyttene er opne om sommaren og at årstida er høgsesong. – Eg synest det er gøy å sjå at det er god spreiing i både hytter og ikkje minst turar. Naturen og fjellet lokkar til seg ferierande nordmenn, også i år ser DNT ein auke i talet på besøkande. Likevel er det framleis plass for dei som vil hive seg rundt. Siste nytt frå Møre og Romsdal. Tips oss eller send bilete og video på https://bidra.nrk.no/nrkmr