No vurderer kommunen å bøtelegge dei som ikkje plukkar opp bosset etter seg.

– Vi ser ei betydeleg auke av rotter i enkelte område der vi har mykje utleige og stort gjennomtrekk av bebuarar, seier Britt Mathisen Limo. – Det er fleire overfylte konteinarar og dunkar, og det blir plassert avfall på marka ved sidan av dei, legg ho til. SAMAN MOT ROTTENE: Britt Mathisen Limo i Remiks oppmodar til felles kamp mot rottene i Tromsø. «Bossen» i det kommunale boss-selskapet Remiks Miljøpark meiner alle må ta i eit tak for å få bukt med rotte-boomen i byen. – Det er eit samfunnsansvar. Både innbyggarar, næringsliv, kommunen og vi må gjere ein innsats, seier Limo. Vi møter Limo ved ein av desse stadane, ved bruhovudet til Tromsøbrua. Der treffer vi også skadedyrbekjempar Tom-Arild Jensen. – Her er det enkelt å sjå spor etter rotter. Det er masse hol i bakken. Vi ser også gangvegar i vegetasjonen bak oss her, fortel han. – Det kan vere at det er meir folk, meir turistar i byen. Som gjer at det blir meir avfall. Det blir meir matavfall. Dermed får bestanden ein grobotn til å overleve, seier Jensen.