Karoline Erdal Storli låg to timar i fjellet med brekt bein. Nå syklar ho 3000 kilometer til inntekt for dei som redda henne på Gaustatoppen.

Karoline Erdal Storli låg to timar i fjellet med brekt bein. Nå syklar ho 3000 kilometer til inntekt for dei som redda henne på Gaustatoppen. KONTRASTAR: Kvardagen snudde brått då beinet knakk på skitur. No skal det same beinet vise kva det er godt for. – Vêret var heilt nydeleg. Veldig sånn typisk påskeføre. Sol og kjempefint. Og eigentleg veldig fin snø òg. Alt låg til rette for ein strålande skitur for Karoline Erdal Storli og familien på Gaustatoppen i 2023. Ho har stått på slalåm sidan ho var to år gammal, og kjenner seg trygg i fjellet. Men denne dagen gjekk det alvorleg gale. – Det var eigentleg eit ganske klønete fall i låg fart. Fordi farten var låg, løyste ikkje skia seg ut, fortel ho. I LUFTAMBULANSEN: Her ligg Karoline Erdal Storli i helikopteret på veg frå Gaustatoppen til sjukehuset. Karoline ropte på familien som var på veg nedover. Deretter følgde to timar i fjellet utan smertestillande før hjelpa kom. – Då helikopteret kom, var det eigentleg berre ein veldig stor lette å få noko smertelindring, vere i trygge hender og bli tatt vare på, mimrar Karoline.