Norske verkssemder sit i uvisse etterat 60 land rammast av dei nye toll-truslane frå USA. Ein amerikansk toppøkonom meiner likevel at presidenten vil bli stoppa i retten.

Truslar om auka toll på varer som vert selt frå Noreg og 60 andre land skapar forvirring og uro, fortel norsk verksemd. Amerikansk seniorøkonom trur retten stoppar Trump-tollen. På Figgjo porselensfabrikk sjekkar maskinane at servise som blir selt både til Noreg og andre land er heile og fine. Men i bakgrunnen lurer truslar frå USAs president om ein auka toll på 12,5 prosent for å få selt varene til USA. Noreg er blant dei 60 landa i Europa som har fått beskjed om ein auka toll på 10 – 12,5 prosent. Grunnen er at Trump-administrasjonen meiner landa ikkje arbeider hardt nok for å hindre tvangsarbeid. Administrerande direktør på Figgjo AS, Anne Kristine Rugland Tullin seier dei er uskire på kva som skjer. Administrerande direktør på Figgjo AS, Anne Kristine Rugland Tullin, seier dei opplever situasjonen som uføreseieleg. – Salet vårt i USA har vore eit satsingsområde dei siste åra. Og det har gått ganske mykje ned i år samanlikna med kor vi var i fjor. Det trur eg heng saman med uroa, truslane og uføreseielegheita for å kunne ta inn varer frå Europa og Noreg til USA. Sjǿmat Norge har tidlegare sagt til NRK at auka importtoll i USA er alvorleg for norsk sjǿmatnæring.